tirsdag 29. januar 2013

Imperialismen i Sør-Afrika

Under tida som kapittelet omhandlar (Imperialismen frå 1870 til 1914) var Sør-Afrika ein britisk koloni, men ein liten del av det var opprinneleg ein nederlandsk koloni. I 1652 danna nederlendarane ein liten koloni som er det som er dagens Cape Town, slik at nederlendarane hadde ei forsyningstasjon for skipa til det nederlandske øst-indiske kompani. Dei gjorde den til et sentralt sted for importvarer og handel. Etterkvart kom det også tyskere og franskmenn til kolonien, og når styresmaktene oppfordra til immigrering vaks kolonien geografisk og dei innfødde mista land, noko for førte til krigar mellom kolonistane og dei innfødde. Dei tok også opp slaveri, både afrikanare og asiatere var slavar.



Cape-halvøya med Cape town
Som nederlendar grunnla som forsyningsstasjon

I 1795 var kolonien tatt over av britane for så å bli nederlandsk igjen. I 1806 kom det igjen i britisk styre etter at den Nederlandske hæren tapte for Napoleon (som britane var allierte med) Da britane avskaffa slaveri var mange av kolonistane misfornøgd, noko som førte til opprør og masseutvandring oppover Afrika. Utvandrarane danna nye statar og strakte seg nesten til det som er dagens Sør-afrika, resten var det dei innfødde som hadde kontroll og vart etterkvart tatt over av britane etter ein rekke krigar slik som boerkrigane og Zulukrigen, og med avtaler om sjølvstyre om dei var med i unionen.

Lokalbefolkninga vart sette i arbeid på jorder som britane gjorde krav på. Dei dyrka kakao, kaffi og sukker osv. Var hovudsaklig eksport og for å realisere draumen om å skape et britisk koloniområde frå nord til sør, heilt til det var funnen diamantar i 1867 og gull i 1886 kom folk til Sør-Afrika for å prøve lykken. Gullfeberen herja kraftig, og dei lokale måtte leite etter gull til europearane. Dei fekk også eigne hærar som dei leigde inn til å kontrollere lokalbefolkninga.







Staden det vart funne gull i 1886


Konsekvensane av tida er mange, lokalbefolkninga i afrika er påverka på alle mulige måtar. Dei sliter økonomisk, slaveri reduserte befolkninga, fleire stammar er utsletta, militært diktatur, Apartheid og brutale statskupp.

På ei anna side har det faktisk kome nokre positive sider ut av kolonitida, under kolonien var Sør-Afrika ein stasjon mellom dei vest-europeiske landa og dei asiatiske koloniane, Europearane fekk dyrka råvarer som elles ikkje kunne dyrkast i Europa. Etter Imperialismen hadde afrika fått sjukehus og dei har fått tilgang på meir moderne medisinar, og med det har levestandarden og forventa levealder auka. Dei har møtt eit meir moderne samfunn og fått oppleve ein del av levemåtane deira. som igjen har ført til større friheit for det enkelte individ. Dei vart introdusert for jernbane, moderne bankar og andre nye oppfinningar dei berre kunne drømt om tidlegare.

Idag er Sør-Afrika også kjent som Regnbuenasjonen sidan nasjonen har bygd seg opp ei nasjonal identitet med å vere multikulturell.


Jahn-Michael, Michelle og Lise-Mari

Kilder:
http://www.southafrica.info/about/history/521102.htm#.UQJlhH37eCA
http://www.sørafrika.org/?newsID=6430
http://motspluriels.arts.uwa.edu.au/MP798gb.html

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar