torsdag 24. januar 2013

Kinas historie i koloni- og imperialismetida.

Kina var attraktivt som koloni fordi det var rikt på ressursar. Det var eit stort land med stort areal og mange moglegheiter. Dette ga store økonomiske fordeler, og koloniar gav makt og ære. Kampane om koloniar bar ofte preg av å vare ein strategisk geopolitisk maktkamp mellom stormaktene. Japan, Usa og Stortorbritannia kjempa om å kolonisere Kina, og hadde så stor innverknad på at Kina miste det aller meste av sjølvstende sitt. Likevel vart Kina aldri heilt kolonisert





Sidan 1644 hadde Mandsju- keisarane stryrt det det meste av det vi i dag kallar Kina. Men riket var svært svakt på den tida, og det vart utsett for utenlandsk imperialisme. Britane ville opne Kina for handel og kravde å få eksportere opium frå britisk India til Kina.

Før hadde britane betalt for kinesisk silke, te og porselen med store mengder sølv, men no ønskte dei å eksportere opium i staden og brukte det som betalingsmiddel. Då kineserane ikkje ville godta dette, brukte britane militærmakt. Det var då opiumskrigen braut ut i 1839. Krigen varte i tre år, til 1842, då kinesarane leid nederlag og måtte opne landet for handel. Gjennom krigar, trugsmål om bruka av våpenmakt og press fekk utlendingane eit kvelertak på Kina.

Det blei kappløp om interesseområda mellom stormaktene i kina, og Opiumsbruken og dei elendige forholda førte til taipingopprøret som var i 1850. I 1900 kom der utenlandske tropper som slo ned det nasjonalistiske opprørert, bokseropprøret.


Daoguang-keisaren (keisar frå 1820 til 1850)

Europearane tok over tollstellet for å sikre seg at tollinntektene vart nytta til å betale krigserstatningar og gjeld til europearane. Kinesisk lov skulle ikkje gjelde for europearane. Dei skulle også fritt kunne misjonere for kristendommen og opprette fleire hundre misjonsstasjonar som låg som europeiske øyar i eit stort kinesisk hav. Dei innfødde vart ikkje behandla så veldig bra. Kristne misjonærar og krstine kinesarar vart drepne og dei mange audmjukande førte til at keisar- styret meir og meir miste støtte i folket. I 1911 var det slutt og keisaren måtte gi frå seg trona. Det gamle keisarrike gjekk i grava, og Kina vart i staden republikk. 

Kina gjekk no inn i ein lagvarig periode som var prega av kaos, skiftande regjeringar, borgarkrigar og ei svak statsmakt.

Men kvifor erobra ikkje stormaktene heile Kina slik dei gjorde i afrika? Svaret er at det var fleire stormakter som konkurerte om Kina enn om Afrika, så på den måten heildt dei kvarandre i sjakk. Russland og Storbritania stod mot kvarandre, mens USA kravde ei såkalla open dør- politikk, det vil seie ingen kolonierobringar i Kina og like handels-vilkår for alle.

Ein viktig konsekvens av kolonitida var økonomisk vekst for industrilanda på bekostning av koloniane. Koloniane var først og framst levrandørar av råvarar til industrilanda, noko som har fortsett etter kolonitidens fall. Monge av dei tidligare koloniane har hatt vanskeligheter for å konkurrere på eit fritt marked med industrialiserte land, også etter frigjøringa. Språk, kultur, sosialorganisering, offentlig administrasjon, på dei fleste områder satte kolonimaktane sine spor i koloniane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar